AKTUELT

   

Informasjon

Lokalisering
Eikefjord Mek.Verksted A/S (EMV)vart etablert 1986 og er i dag lokalisert på Nesjane industriområde 5 km frå Eikefjord sentrum i Flora kommune, sentralt plassert i Sogn og Fjordane med 35 km til Førde og 25 km til Florø.

Verksted/utstyr
Verkstedet vårt på Nesjane på 800 kvm. med eit uteareal på 2000 kvm er moderne utstyrt for prefabrikering av rør og mindre stålkonstruksjonar. Verkstedet er utrusta med 3 sveisestasjonar for MIG/MAG og TIG, platesaks, stanse, platevalse og dorbøyemaskiner som kan bøye rør frå 12-60 mm.

Ressursar
EMV har i dag 60 tilsette som omfattar arbeidsleiarar, industrirørleggarar, rørleggarar og sveisarar og er dermed ein av dei største rørentreprenørane i Sogn og Fjordane

Forretningsområde
EMV har sidan starten i 1986 basert vår virksomheit på prefabrikering og montering av komplette rørsystemer til skips og landbasert industri i hovudsak på Vestlandet. EMV har gjennom desse åra opparbeidd seg god kompetanse på saniteranlegg, hydraulikkanlegg, kjøle og fryseanlegg.

EMV Contracting

I oktober 2008 etablerte EMV i lag med vår samarbeidspartnar i Polen, Waldemar Gryszun, EMV Contracting AS.

EMV Contracting AS vart etablert for på kort sikt å forsyne EMV med arbeidskraft som vi tildegare har leigd frå bemanningsselskap i Norge. På lengre sikt vil vi tilby utleige av arbeidskraft innanfor rør, sveising og stålarbeid til verftsindustrien.

Etter 6 månadar drift har EMV Contracting AS 69 tilsette

     

Samarbeidspartnere